skip to Main Content

Informasjon

Me startar opp med friidrettstrening for dei som går i 3.klasse og oppover.
Treningane blir onsdagar kl 18-19 og fyrste trening blir onsdag 22. august.
Me trenar ute på løpebanen på Eidsbøen.
Me forventar at dei som er med på friidrett er motiverte til å trena, og til å setje seg mål og jobbe for å oppnå dei. Treninga skal vere lystbetont og motiverande.
I tillegg til å trene konkret på friidrettsøvingar vil me ha mykje fokus på grunntrening som spenst, styrke, hurtigheit og kondisjon.
Me jobbar med å byggje opp att friidrettsgruppa og planlegg deltaking på stevner også utanfor kommunen.

Grunna begrensa kapasitet på trenarsida så vil me ta inn maks 25 ungar i friidrettsgruppa. Denne grensa vil me vurdera etter kvart som me kjem i gong.

Austevollsmesterskap i friidrett

1.september var det Austevollsmesterskap i friidrett på idrettsanlegget vårt. Heile 57 barn deltok. Det var mange fine resultat og mykje flotte idrettsopplevingar denne dagen. Resultatliste frå arrangementet finn du under. Barn til og med 10 år vert ikkje rangert.

Les meir
Back To Top
×Close search
Søk