Informasjon
Badminton er eit tilbod for alle frå 5. klasse og oppover til 100
Badminton er kjempegod trening og veldig gøy
Kom gjerne innom og prøv nokre gonger for å sjå om det er noko for deg
Utstyr:
Klubben har racket til utlån når ein trener. Ein treng sjølv å stille med treningstøy og innesko. Drikkeflaske er lurt.
Aktivitet:
Vi trener på slagteknikk og fotarbeid, styrke og kondisjon, og spelet i sin heilheit. Nokre ynskjer å bruke treninga kun til mosjon, medan andre ynskjer å utvikle seg vidare til å kunne delta på turneringar.