Austevoll Idrettsklubb vart stifta som Idrettslaget Huftar 28.07.1967.
Det var Friidrett som stifta klubben, og nokre år seinare kom fotballgruppa inn.
Desse to gruppene drifta klubben i mange år, og så kom dei andre gruppene inn etter kvart.
Klubben driv aktivitet i dei greinene som for tida er aktuelle, samt at klubben arrangerer ulike lavterskel fritidssyslar som gjerne er open for personar som ikkje er medlem og.
Klubben har vore oppteken av å kunne tilby faste treningstider og stadar for trening og at utøvarane etter kvart kan konkurrere mot andre.
I seinare tid har også klubben teke til seg Fair Play og REN idrett.
Hovudlaget er særs stolt over breidda me har fått til i klubben, og dette fører til mange aktive unge og gamle.